Oppdatering mai 2021:

Skyspace er no tilgjengeleg kvar dag, morgon og kveld. Oppmøte i resepsjonen til Hardangerfjord hotell.

Det er av smittevernomsyn for tida plass til opp til 8 personar. Merk at alle gjester for tida må ta med eigne tepper/sitjeunderlag for å avgrensa mogeleg smitte.

 

Bestill billett her!

 

 


TIDSPUNKT OG VARIGHEIT

Starttid og varigheit for visning i lysverket forheld seg til sola sin syklus og dei skiftande årstidene. 
I tidsrommet på ca 30 min. før soloppgang/solnedgang - og ca 30 min. etter, får du den fulle opplevinga.

Om sommaren vil soloppgangen inntreffa tidleg på døgeret, medan skumringa vil koma seint.
Vinterstid vil det vera motsett; sein soloppgang og tidleg solnedgang.



PRISAR (frå 1. januar 2021)

Enkeltbillettar 

  • Vaksen: kr 150,-
  • Barn, 4-16 år: kr 75,-



Grupper  - privat visning
Soloppgang/-nedgangsvisningar utanom dei annonserte tidspunkta er tilgjengelege ved førespurnad - ta kontakt.

  • Grunnpris kr 1500,- inkluderer opp til 5 personar 
  • Over 5 personar: Tillegg kr 150,- per person

Bestill Nå!


Inngang i bygget på dagtid, tilgjengeleg heile året:
For deg som har løyst ordinær billett i Kunsthuset Kabuso er det høve til å sjå Skyspace i Kabuso si opningstid. 
NB! Merk at ved desse visningane er lysprogrammet ikkje aktivt.