OM KUNSTNAREN JAMES TURRELL

På 1960-tallet oppstod eit skilje i den amerikanske kunstverda, mellom dei abstrakte ekspresjonistane som heldt til i New York, og kunstnarane langs Californiakysten som hadde ei mer austleg orientering. Blant kunstnarane som haldt til på austkysten, var James Turrell ein av dei store pionerane - og han har sidan blitt ein av dei leiande kunstnarane innan stadspesifikk lys- og rom-kunst.

Turrell (fødd 1943) har bakgrunn som kvekar og var slik tilknytt ei spirituell rørsle der lys står sentralt. Allereie som barn var han fascinert over verknaden sjølv ei lita lyskjelde kunne ha i mørkret. Han laga små hol i gardinene på rommet sitt, og såg korleis lyset med ulike verknader fall gjennom desse hola.

Som ung arbeidde Turrell som pilot, han studerte matematikk og psykologi - i tillegg til kunsthistorie og kunst. Den allsidige bakgrunnen brukar han aktivt i kunsten.

Lyset er Turrell sitt medium, og Skyspace-verka hans er observatorium som påverkar vår persepsjon av himmelen og den omkringliggande naturen.