PUBLISERT 25.04.2017
Opningsfest
Kabuso: Opning Hardanger Skyspace - James Turrell

Hardanger Skyspace vart opna 23. september 2016 til stor fest. Først med velkomsdrikk, musikk og talar i konsertsalen i Kabuso. Deretter vart det lystog ned til sjølve installasjonen med påfølgjande snorklipping ved ordførar i Kvam herad, Jostein Ljones. Festen fortsette så med god mat og drikke - og ikkje minst mange intereserte i kø for å få ein titt inn i nyopna Hardanger Skyspace. Kvelden vart avrunda med musikk av Benedicte Maurseth (hardingfele) og bergensbandet Snø.    

Foto: Mariusz Marksac 

Del på Facebook